13 kom til meg og stod framfor meg og sa: ‘Saul, bror, du skal få att synet!’ Og i same stunda fekk eg att synet og kunne sjå han.
14 Då sa Ananias: ‘Våre fedrars Gud har valt deg ut til å kjenna hans vilje og sjå Den rettferdige og høyra røysta frå hans munn.
15 For du skal vera hans vitne for alle menneske om det du har sett og høyrt.
16 Så kvifor nøler du no? Kom og lat deg døypa og få syndene dine vaska av, medan du kallar på hans namn!’
17 Sidan, då eg var komen tilbake til Jerusalem og bad i tempelet, kom eg i ekstase.
18 Eg såg Herren, og han sa til meg: ‘Skund deg! Far bort frå Jerusalem så fort du kan! For dei kjem ikkje til å ta imot vitnemålet ditt om meg.’
19 ‘Herre’, svara eg, ‘dei veit sjølve at eg rundt om i synagogane fekk kasta dei som trudde på deg, i fengsel og lét dei bli piska.