2 Då dei høyrde at han tala til dei på hebraisk, vart det endå stillare. Og han heldt fram:
3 «Eg er jøde, fødd i Tarsos i Kilikia, men oppvaksen her i byen. Ved Gamaliels føter har eg fått grundig opplæring i fedrelova, og eg var like brennande for Gud som de alle er det i dag.
4 Eg har bunde både kvinner og menn og fått dei kasta i fengsel, ja, til døden har eg forfølgt dei som heldt seg til denne Vegen.
5 Det kan eg ta øvstepresten og heile Rådet til vitne på. Dei gav meg brev til brørne i Damaskus, og eg drog dit for å leggja òg dei som var der, i lenkjer og føra dei til Jerusalem for å få dei straffa.
6 Men då eg var på vegen og nærma meg Damaskus ved middagstid, hende det brått at eit sterkt lys frå himmelen stråla omkring meg.
7 Eg fall til jorda og høyrde ei røyst som sa: ‘Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?’
8 ‘Kven er du, Herre?’ spurde eg. Han sa til meg: ‘Eg er Jesus frå Nasaret, han som du forfølgjer.’