21 Då sa Herren til meg: ‘Ta i veg! Eg vil senda deg til heidningfolk langt borte.’»
22 Så lenge lydde dei på han. Men då dei høyrde dette ordet, sette dei i å ropa: «Drep han! Ein slik mann burde ikkje få leva på jorda!»
23 Og dei skreik og veiva med kappene sine og kasta støv opp i lufta.
24 Då lét kommandanten Paulus bli ført inn i borga og baud at han skulle forhøyrast med piskeslag, så han kunne få vita kvifor dei hadde ropa slik imot han.
25 Men då dei hadde bunde Paulus og skulle til å piska han, sa Paulus til offiseren som stod der: «Har de lov til å piska ein romersk borgar, og det utan dom?»
26 Då offiseren høyrde det, gjekk han til kommandanten og sa frå: «Kva er det du tenkjer på? Denne mannen er romersk borgar!»
27 Kommandanten gjekk ut til Paulus og sa: «Sei meg, er du romersk borgar?» «Ja», svara han.