6 Men då eg var på vegen og nærma meg Damaskus ved middagstid, hende det brått at eit sterkt lys frå himmelen stråla omkring meg.
7 Eg fall til jorda og høyrde ei røyst som sa: ‘Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg?’
8 ‘Kven er du, Herre?’ spurde eg. Han sa til meg: ‘Eg er Jesus frå Nasaret, han som du forfølgjer.’
9 Dei som var med meg, såg lyset, men høyrde ikkje røysta som tala til meg.
10 ‘Kva skal eg gjera, Herre?’ spurde eg. Og Herren svara: ‘Reis deg opp og gå inn i Damaskus! Der skal dei seia deg alt det du er sett til å gjera.’
11 Eg kunne ikkje sjå, så sterk hadde glansen av lyset vore. Men dei som var med meg, tok meg i handa og leidde meg inn til Damaskus.
12 Ananias, ein from mann som levde etter lova og hadde godt ord på seg hos alle jødane der,