1 Paulus feste auga på Rådet og sa: «Brør, med godt samvit har eg til denne dag levd for Gud.»
2 «Slå han på munnen!» sa Ananias, øvstepresten, til dei som stod der.
3 Då sa Paulus til han: «Gud skal slå deg, din kalka vegg! Her sit du og skal dømma meg etter lova, og så byd du imot lova at dei skal slå meg.»
4 «Skjeller du ut Guds øvsteprest?» sa dei som stod der.
5 «Eg visste ikkje, brør, at han var øvsteprest», svara Paulus. «For det står skrive: Ein fyrste i folket ditt skal du ikkje forbanna.»
6 Sidan Paulus visste at somme av dei som sat i Rådet, var saddukearar og somme farisearar, ropa han ut: «Brør, eg er farisear og son til farisearar. Og eg blir klaga fordi eg har den vona at dei døde skal stå opp.»