12 Då det vart dag, slo jødane seg saman og svor på at dei verken skulle eta eller drikka før dei hadde drepe Paulus.
13 Meir enn førti mann var med i denne samansverjinga.
14 Dei gjekk til overprestane og dei eldste og sa: «Vi har svore på at vi ikkje skal smaka mat før vi har drepe Paulus.
15 Gå no saman med Rådet og send ei melding til kommandanten. Be han føra Paulus ned til dykk. Lat som om de vil granska saka hans nøyare. Så står vi ferdige til å drepa han før han kjem fram.»
16 Men systerson til Paulus fekk høyra om dette bakhaldet, og han gjekk opp i borga og fortalde det til Paulus.
17 Då sende Paulus bod etter ein av offiserane og sa: «Før denne unge guten til kommandanten! Han har noko å fortelja.»
18 Offiseren tok han med seg til kommandanten og sa: «Fangen Paulus kalla på meg og bad meg føra denne unge guten til deg. Han har noko å seia deg.»