22 Kommandanten lét guten gå, men baud han strengt: «Fortel ikkje nokon at du har late meg få vita dette.»
23 Så kalla han til seg to av offiserane og sa: «Ta to hundre soldatar, saman med sytti ryttarar og to hundre lettvæpna menn, og lat dei halda seg ferdige til å fara til Cæsarea etter den tredje timen i natt!
24 Og sørg for ridedyr, så dei kan få Paulus trygt fram til landshovdingen Feliks.»
25 Så skreiv han dette brevet:
26 «Claudius Lysias helsar den vørde landshovdingen Feliks.
27 Denne mannen hadde jødane gripe, og dei heldt på å drepa han. Men eg kom med soldatane og fria han ut, for eg fekk vita at han var romersk borgar.
28 Sidan eg gjerne ville få greie på kva dei klaga han for, førte eg han fram for Rådet deira.