3 Då sa Paulus til han: «Gud skal slå deg, din kalka vegg! Her sit du og skal dømma meg etter lova, og så byd du imot lova at dei skal slå meg.»
4 «Skjeller du ut Guds øvsteprest?» sa dei som stod der.
5 «Eg visste ikkje, brør, at han var øvsteprest», svara Paulus. «For det står skrive: Ein fyrste i folket ditt skal du ikkje forbanna.»
6 Sidan Paulus visste at somme av dei som sat i Rådet, var saddukearar og somme farisearar, ropa han ut: «Brør, eg er farisear og son til farisearar. Og eg blir klaga fordi eg har den vona at dei døde skal stå opp.»
7 Ikkje før hadde han sagt det, så vart det strid mellom farisearar og saddukearar, og flokken delte seg.
8 For saddukearane seier at oppstoda ikkje finst, og heller ikkje englar og ånder, men farisearane trur på alt dette.
9 No vart det roping og skriking, og nokre av dei skriftlærde av farisearane reiste seg og sa sterkt imot: «Vi finn ikkje noko gale hos denne mannen. Tenk om det var ei ånd eller ein engel som tala til han?»