9 No vart det roping og skriking, og nokre av dei skriftlærde av farisearane reiste seg og sa sterkt imot: «Vi finn ikkje noko gale hos denne mannen. Tenk om det var ei ånd eller ein engel som tala til han?»
10 Striden vart så hard at kommandanten var redd dei kunne slita Paulus sund. Difor baud han soldatane gå ned og riva Paulus frå dei og føra han inn i borga.
11 Natta etter stod Herren framfor han og sa: «Ver frimodig! Som du har vitna om meg i Jerusalem, må du òg vitna i Roma.»
12 Då det vart dag, slo jødane seg saman og svor på at dei verken skulle eta eller drikka før dei hadde drepe Paulus.
13 Meir enn førti mann var med i denne samansverjinga.
14 Dei gjekk til overprestane og dei eldste og sa: «Vi har svore på at vi ikkje skal smaka mat før vi har drepe Paulus.
15 Gå no saman med Rådet og send ei melding til kommandanten. Be han føra Paulus ned til dykk. Lat som om de vil granska saka hans nøyare. Så står vi ferdige til å drepa han før han kjem fram.»