1 Fem dagar etter kom øvstepresten Ananias dit saman med nokre av dei eldste og ein sakførar som heitte Tertullus. Dei skulle leggja skuldinga mot Paulus fram for landshovdingen.
2 Paulus vart henta, og Tertullus tok til med skuldinga:«Takka vere deg, vørde Feliks, er det ro og fred alle stader, og dette folket har fått betre kår på grunn av ditt kloke styre.
3 I djup takksemd tek vi imot dette, alltid og alle stader.
4 Men for å ikkje hefta deg lenge bed eg om at du, velvillig som du er, vil høyra på oss ei lita stund.
5 Det har vist seg at denne mannen er ein rein pest. Han skaper uro mellom alle jødar i heile verda og er førar for nasarearsekta.