11 Du kan lett få stadfest at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg reiste opp til Jerusalem for å tilbe.
12 Og ingen har sett meg diskutera med nokon eller eggja opp folk, verken i tempelet eller i synagogane eller nokon annan stad i byen.
13 Dei kan heller ikkje prova det dei no klagar meg for.
14 Men det vedgår eg: Eg dyrkar våre fedrars Gud gjennom å følgja Vegen, som dei kallar ei sektlære. For eg trur alt det som er skrive i lova og profetane,
15 og eg har den same von til Gud som desse har: at rettferdige og urettferdige ein gong skal stå opp frå dei døde.
16 Difor legg eg vinn på alltid å ha eit reint samvit for Gud og menneske.
17 Etter mange år kom eg for å gje ei gåve til dei fattige i folket mitt og for å ofra.