17 Etter mange år kom eg for å gje ei gåve til dei fattige i folket mitt og for å ofra.
18 Då var det dei fann meg i tempelet, der eg hadde late meg reinsa. Eg samla ikkje folk om meg og laga ikkje uro.
19 Men nokre jødar frå Asia såg meg, og det var dei som burde ha møtt fram for deg og kome med skuldingar, om dei hadde hatt nokon.
20 Eller så bør dei som står her, sjølve seia kva dei fann meg skuldig i då eg stod for Rådet.
21 Det kan vel ikkje berre vera for det eine ordet eg ropa ut då eg stod framfor dei: ‘Det er for oppstoda frå dei døde eg står for retten her i dag.’»
22 Feliks hadde god kjennskap til Vegen. Han utsette saka og sa: «Når kommandanten Lysias kjem, skal eg ta saka opp til doms.»
23 Så gav han offiseren påbod om at Paulus skulle haldast i mild varetekt, og at ingen av hans eigne måtte hindrast i å vera han til hjelp.