3 I djup takksemd tek vi imot dette, alltid og alle stader.
4 Men for å ikkje hefta deg lenge bed eg om at du, velvillig som du er, vil høyra på oss ei lita stund.
5 Det har vist seg at denne mannen er ein rein pest. Han skaper uro mellom alle jødar i heile verda og er førar for nasarearsekta.
6 Han har til og med freista å vanhelga tempelet, og det var der vi greip han. {{Vi ville dømma han etter lova vår,
7 men då kom kommandanten Lysias til, tok han med vald og makt ut av hendene våre og førte han bort.
8 Dei som klaga på han, fekk høyra at dei skulle gå til deg.}} No kan du sjølv forhøyra han om alt dette, så får du greie på kva det er vi klagar han for.»
9 Jødane støtta han og sa at såleis var det.