7 men då kom kommandanten Lysias til, tok han med vald og makt ut av hendene våre og førte han bort.
8 Dei som klaga på han, fekk høyra at dei skulle gå til deg.}} No kan du sjølv forhøyra han om alt dette, så får du greie på kva det er vi klagar han for.»
9 Jødane støtta han og sa at såleis var det.
10 Då gav landshovdingen eit teikn til Paulus, som tok ordet og sa:«Eg veit at du har vore dommar for dette folket i mange år. Difor er det med frimod eg forsvarar meg.
11 Du kan lett få stadfest at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg reiste opp til Jerusalem for å tilbe.
12 Og ingen har sett meg diskutera med nokon eller eggja opp folk, verken i tempelet eller i synagogane eller nokon annan stad i byen.
13 Dei kan heller ikkje prova det dei no klagar meg for.