1 Tre dagar etter at Festus var komen til provinsen, drog han frå Cæsarea og opp til Jerusalem.
2 Overprestane og dei fremste av jødane møtte då fram hos han med skuldingar mot Paulus. Og dei bad han
3 gjera dei den tenesta å senda Paulus til Jerusalem, for dei ville leggja seg i bakhald og drepa han på vegen.
4 Men Festus svara at Paulus skulle haldast i varetekt i Cæsarea, og at han sjølv snart skulle tilbake dit.
5 «Så kan dei av dykk som har fullmakt til det», sa han, «vera med og leggja fram skuldinga, om det er noko gale med mannen».