10 Men Paulus svara: «Eg står for domstolen til keisaren, og det er her eg skal dømmast. Mot jødane har eg ingen urett gjort, det veit du godt.
11 Er eg skuldig i noko som fortener dødsstraff, bed eg ikkje om å få sleppa å døy. Men er det ikkje noko i det som desse mennene klagar meg for, så kan ingen gje meg over til dei. Eg ankar saka mi inn for keisaren.»
12 Festus drøfte saka med rådgjevarane sine og sa frå: «Du har anka til keisaren, og til keisaren skal du fara.»
13 Nokre dagar etter kom kong Agrippa og Berenike til Cæsarea for å helsa på Festus.
14 Då dei vart verande i fleire dagar, fortalde Festus kongen om saka til Paulus: «Det er ein mann her», sa han, «som Feliks har late etter seg i fengselet.
15 Då eg kom til Jerusalem, møtte overprestane og dei eldste hos jødane fram med skuldingar mot han og bad om å få han dømd.
16 Eg svara at romarane ikkje har for vane å utlevera nokon som er klaga, før han har møtt klagarane og fått høve til å forsvara seg mot skuldinga.