13 Nokre dagar etter kom kong Agrippa og Berenike til Cæsarea for å helsa på Festus.
14 Då dei vart verande i fleire dagar, fortalde Festus kongen om saka til Paulus: «Det er ein mann her», sa han, «som Feliks har late etter seg i fengselet.
15 Då eg kom til Jerusalem, møtte overprestane og dei eldste hos jødane fram med skuldingar mot han og bad om å få han dømd.
16 Eg svara at romarane ikkje har for vane å utlevera nokon som er klaga, før han har møtt klagarane og fått høve til å forsvara seg mot skuldinga.
17 Så kom dei saman her, og eg lét dei ikkje venta lenge. Alt dagen etter sette eg meg i dommarsetet og baud at mannen skulle førast fram.
18 Klagarane samla seg omkring han, men dei kom ikkje med skuldingar om brotsverk, som eg hadde venta.
19 Dei var berre usamde med han om nokre spørsmål i deira eigen religion og om ein som heitte Jesus. Han er død, men Paulus påstår at han lever.