16 Eg svara at romarane ikkje har for vane å utlevera nokon som er klaga, før han har møtt klagarane og fått høve til å forsvara seg mot skuldinga.
17 Så kom dei saman her, og eg lét dei ikkje venta lenge. Alt dagen etter sette eg meg i dommarsetet og baud at mannen skulle førast fram.
18 Klagarane samla seg omkring han, men dei kom ikkje med skuldingar om brotsverk, som eg hadde venta.
19 Dei var berre usamde med han om nokre spørsmål i deira eigen religion og om ein som heitte Jesus. Han er død, men Paulus påstår at han lever.
20 Eg visste ikkje korleis eg skulle greia ut denne saka, og spurde om han kunne tenkja seg å fara til Jerusalem og få dom der.
21 Men Paulus anka og ville sitja i varetekt til den høge keisaren kunne avgjera saka. Difor baud eg at han skulle bli sitjande til eg får sendt han til keisaren.»
22 «Den mannen har eg òg hug til å høyra», sa Agrippa. «I morgon skal du få høyra han», svara Festus.