18 Klagarane samla seg omkring han, men dei kom ikkje med skuldingar om brotsverk, som eg hadde venta.
19 Dei var berre usamde med han om nokre spørsmål i deira eigen religion og om ein som heitte Jesus. Han er død, men Paulus påstår at han lever.
20 Eg visste ikkje korleis eg skulle greia ut denne saka, og spurde om han kunne tenkja seg å fara til Jerusalem og få dom der.
21 Men Paulus anka og ville sitja i varetekt til den høge keisaren kunne avgjera saka. Difor baud eg at han skulle bli sitjande til eg får sendt han til keisaren.»
22 «Den mannen har eg òg hug til å høyra», sa Agrippa. «I morgon skal du få høyra han», svara Festus.
23 Dagen etter kom Agrippa og Berenike i full stas og steig inn i audienssalen saman med dei øvste offiserane og dei fremste mennene i byen. På ordre frå Festus vart Paulus ført inn.
24 Så tok Festus ordet og sa: «Kong Agrippa og alle de som er samla her! Her ser de den mannen som har fått heile jødefolket til å venda seg til meg, både i Jerusalem og her. Dei ropar og krev at han ikkje skal få leva lenger.