4 Men Festus svara at Paulus skulle haldast i varetekt i Cæsarea, og at han sjølv snart skulle tilbake dit.
5 «Så kan dei av dykk som har fullmakt til det», sa han, «vera med og leggja fram skuldinga, om det er noko gale med mannen».
6 Han hadde ikkje vore der meir enn åtte–ti dagar, så drog han ned til Cæsarea. Dagen etter sette han seg i dommarsetet og baud at Paulus skulle førast fram.
7 Straks han kom inn, stilte dei seg omkring han, dei jødane som var komne ned frå Jerusalem, og dei sette fram mange harde skuldingar som dei ikkje kunne føra prov for.
8 Paulus forsvara seg og sa: «Eg har ikkje forbrote meg, korkje mot lova til jødane eller mot tempelet eller mot keisaren.»
9 Festus ville gjerne gjera jødane til lags. Difor sa han til Paulus: «Er du villig til å dra opp til Jerusalem og få saka avgjord der, med meg som dommar?»
10 Men Paulus svara: «Eg står for domstolen til keisaren, og det er her eg skal dømmast. Mot jødane har eg ingen urett gjort, det veit du godt.