1 Så sa Agrippa til Paulus: «Du kan få lov til å svara for deg.» Paulus lyfte handa og tok til med forsvaret:
2 «Eg held det for ei lukke at det er framfor deg, kong Agrippa, eg i dag skal forsvara meg mot alt det som jødar skuldar meg for,
3 sidan du kjenner så vel alle skikkar og stridsspørsmål hos jødane. Difor bed eg deg om å høyra på meg med tolmod.
4 Heilt frå barndomen har eg budd mellom folket mitt og i Jerusalem, og alle jødar veit korleis livet mitt har vore.
5 Dei kjenner meg frå før, om dei berre vil vitna om det, og veit at eg har levd som farisear og høyrt til den strengaste retninga i religionen vår.
6 Og no står eg her og skal dømmast fordi eg set mi von til den lovnaden Gud gav fedrane våre,
7 den lovnaden som det tolvætta folket vårt vonar å sjå oppfylt – difor er dei uthaldande og dyrkar Gud natt og dag. For denne vona, konge, kjem jødar med skuldingar mot meg.