12 Medan dette stod på, fór eg ein gong til Damaskus med fullmakt og oppdrag frå overprestane.
13 På den ferda, konge, såg eg midt på dagen eit lys frå himmelen, klårare enn sola. Det stråla omkring meg og dei som var i lag med meg.
14 Vi fall alle til jorda, og eg høyrde ei røyst som sa til meg på hebraisk: ‘Saul, Saul, kvifor forfølgjer du meg? Det blir hardt for deg å stampa mot brodden!’
15 ‘Kven er du, Herre?’ spurde eg. Og Herren svara: ‘Eg er Jesus, han som du forfølgjer.
16 Men reis deg opp og stå på føtene! Eg har synt meg for deg fordi eg vil velja deg ut til tenar og til vitne, både om det du har sett av meg, og om det du sidan skal få sjå,
17 når eg bergar deg ut frå ditt eige folk og frå alle heidningfolka. Eg sender deg til dei
18 for å opna auga deira, så dei vender om frå mørker til lys, frå Satans makt til Gud, og får tilgjeving for syndene og arverett saman med dei som har vorte helga ved trua på meg.’