20 Tvert om har eg forkynt, først i Damaskus og Jerusalem, sidan i heile Judea og for heidningfolka, at dei må skifta sinn og venda om til Gud og gjera gjerningar som svarar til omvendinga.
21 Difor var det at nokre jødar greip meg i tempelet og ville drepa meg.
22 Men til denne dag har Gud hjelpt meg, og no står eg her og vitnar for høg og låg, og eg seier ikkje anna enn det som profetane og Moses sa skulle henda:
23 at Messias skulle lida, at han skulle vera den første som stod opp frå dei døde, og at han sidan skulle forkynna lyset både for vårt folk og for heidningfolka.»
24 Då han kom til desse orda i forsvarstalen, ropa Festus høgt: «Du er frå sans og samling, Paulus! Den store lærdomen din fører deg frå forstanden.»
25 Men Paulus svara: «Eg er ikkje frå forstanden, vørde Festus. Alt det eg seier, er sant og vel gjennomtenkt.
26 Kongen kjenner til desse tinga; difor talar eg så frimodig til han. Eg kan ikkje tru at noko av dette er ukjent for han. Det har då ikkje gått føre seg i ein avkrok.