5 Dei kjenner meg frå før, om dei berre vil vitna om det, og veit at eg har levd som farisear og høyrt til den strengaste retninga i religionen vår.
6 Og no står eg her og skal dømmast fordi eg set mi von til den lovnaden Gud gav fedrane våre,
7 den lovnaden som det tolvætta folket vårt vonar å sjå oppfylt – difor er dei uthaldande og dyrkar Gud natt og dag. For denne vona, konge, kjem jødar med skuldingar mot meg.
8 Kvifor blir det rekna som utruleg hos dykk at Gud vekkjer opp døde?
9 Eg tykte sjølv ein gong at det var ei plikt å strida av all kraft mot nasarearen Jesu namn.
10 Og det gjorde eg i Jerusalem. Eg fekk fullmakt frå overprestane og kasta mange av dei heilage i fengsel. Var det tale om å avretta dei, røysta eg for.
11 Rundt omkring i alle synagogane fekk eg dei ofte straffa for å tvinga dei til å spotta. Og rasande som eg var, forfølgde eg dei heilt til byar i utlandet.