1 Då det var avgjort at vi skulle segla til Italia, gav dei Paulus og nokre andre fangar over til ein offiser med namnet Julius frå Den keisarlege hæravdelinga.
2 Vi gjekk om bord i eit skip frå Adramyttium som skulle til hamnene i Asia, og la så ut. Saman med oss var makedonaren Aristarkos frå Tessalonika.
3 Dagen etter la vi til land i Sidon. Julius var venleg mot Paulus og gav han lov til å vitja venene sine og nyta godt av deira omsorg.
4 Vi sette til havs att og segla i le av Kypros, fordi vinden bar imot.
5 Så segla vi over havstykket utanfor Kilikia og Pamfylia og kom til Myra i Lykia.
6 Der fann offiseren eit skip frå Aleksandria som skulle til Italia, og han sette oss om bord i det.
7 I mange dagar gjekk det smått framover, og vi greidde så vidt å koma på høgd med Knidos. Då vi ikkje kunne koma lenger for vinden, heldt vi sør, i le av Kreta ved Salmone-neset.