14 Men det var ikkje lenge før ein kvervelvind frå nordaust, Evrakýlon, som dei kallar han, kom kastande inne frå øya.
15 Skipet vart rive med. Det var ikkje råd å halda det opp mot vinden, så vi gav opp og lét oss driva.
16 Då vi kom i livd av ei lita øy som heiter Kauda, var det så vidt vi greidde å berga skipsbåten.
17 Etter at dei hadde fått han om bord, tok dei i bruk naudutstyret og surra skipet med tau. No var dei redde at dei kunne driva av mot Syrtebankane. Difor senka dei råa, og slik fór dei vidare.
18 Men stormen rasa framleis, og dagen etter tok dei til å hiva lasta på sjøen.
19 Tredje dagen kasta dei med eigne hender skipsutstyret over bord.
20 På mange dagar hadde korkje sol eller stjerner vore å sjå, og då det harde uvêret heldt fram, var til slutt alt håp om berging ute.