21 No hadde dei ikkje fått mat i seg på lenge, og Paulus gjekk bort til dei og sa: «Gode menn, de skulle ha høyrt på meg og ikkje lagt ut frå Kreta, så hadde de vore sparte både for ulukka og tapet.
22 Men no bed eg dykk vera ved godt mot. Ikkje eitt liv skal gå tapt, berre skipet.
23 For i natt stod det framfor meg ein engel frå den Gud som eg tilhøyrer og tener,
24 og han sa: ‘Ver ikkje redd, Paulus! Du skal stiga fram for keisaren. Og alle dei som er med deg på skipet, har Gud gjeve deg.’
25 Så ver då ved godt mot! Eg har den tru til Gud at det kjem til å gå som det er sagt meg.
26 Vi kjem til å stranda på ei eller anna øy.»
27 Då vi hadde segla på Adriahavet i fjorten dagar, fekk sjømennene landkjenning midt på natta.