24 og han sa: ‘Ver ikkje redd, Paulus! Du skal stiga fram for keisaren. Og alle dei som er med deg på skipet, har Gud gjeve deg.’
25 Så ver då ved godt mot! Eg har den tru til Gud at det kjem til å gå som det er sagt meg.
26 Vi kjem til å stranda på ei eller anna øy.»
27 Då vi hadde segla på Adriahavet i fjorten dagar, fekk sjømennene landkjenning midt på natta.
28 Dei lodda og fann tjue famnar. Litt etter lodda dei att og fann femten famnar.
29 Då vart dei redde vi kunne bli knuste mot klippene. Difor kasta dei fire anker ut frå bakstamnen og ønskte berre at dagen måtte koma.
30 Sjømennene freista å rømma frå skipet. Dei sette skipsbåten på vatnet medan dei gjorde som om dei ville setja anker frå baugen.