3 Dagen etter la vi til land i Sidon. Julius var venleg mot Paulus og gav han lov til å vitja venene sine og nyta godt av deira omsorg.
4 Vi sette til havs att og segla i le av Kypros, fordi vinden bar imot.
5 Så segla vi over havstykket utanfor Kilikia og Pamfylia og kom til Myra i Lykia.
6 Der fann offiseren eit skip frå Aleksandria som skulle til Italia, og han sette oss om bord i det.
7 I mange dagar gjekk det smått framover, og vi greidde så vidt å koma på høgd med Knidos. Då vi ikkje kunne koma lenger for vinden, heldt vi sør, i le av Kreta ved Salmone-neset.
8 Det greidde vi så vidt å segla rundt og kom til ein stad som dei kallar «Gode hamner», ikkje langt frå ein by som heiter Lasea.
9 No hadde det gått lang tid, og det var ikkje lenger trygt å ferdast på sjøen, for det leid alt over fastedagen. Difor åtvara Paulus dei