34 Difor rår eg dykk til å ta mat til dykk. Det må til, skal de bli berga. Ingen av dykk skal mista så mykje som eit hårstrå på hovudet.»
35 Då han hadde sagt det, tok han eit brød, takka Gud framfor dei alle, braut det og tok til å eta.
36 No fekk alle nytt mot, og dei tok til seg mat.
37 Vi var i alt 276 menneske om bord.
38 Då dei hadde ete seg mette, letta dei skipet med å hiva kornlasta i sjøen.
39 Då det vart dag, kjende dei ikkje att landet. Men dei fekk auge på ei vik med flat strand, og der ville dei freista å setja skipet på grunn.
40 Dei kappa ankera og lét dei gå i sjøen, og samtidig løyste dei surringane på rora, sette framseglet opp og heldt inn mot stranda med vinden.