41 Dei dreiv inn mot ein sandbanke med djupt vatn på begge sider, og der rende dei skipet på grunn. Framstamnen bora seg ned i sanden og vart ståande heilt fast, medan bakskipet etter kvart vart sundslege av brenningane.
42 No ville soldatane drepa fangane, så ingen av dei skulle få symja bort og rømma.
43 Men offiseren ville berga Paulus og hindra dei i planen. Han gav påbod om at dei som kunne symja, skulle kasta seg uti først og koma seg i land.
44 Så skulle dei andre koma etter, nokre på plankar og andre på vrakrestar. På den måten kom alle velberga i land.