9 No hadde det gått lang tid, og det var ikkje lenger trygt å ferdast på sjøen, for det leid alt over fastedagen. Difor åtvara Paulus dei
10 og sa: «Eg ser at vi kan koma til å mista ikkje berre skip og last, men livet med, om vi fer lenger.»
11 Men offiseren trudde meir på kapteinen og skipsreiaren enn på det Paulus sa.
12 Og sidan det var ei ulagleg hamn for vinteropplag, heldt dei fleste på at dei skulle segla ut derifrå og freista å nå Føniks og liggja der vinteren over. Denne hamna på Kreta vender mot sørvest og nordvest.
13 Då det så tok til å blåsa litt frå sør, tenkte dei at dei kunne fullføra planen. Dei letta anker og segla nær land langs Kreta.
14 Men det var ikkje lenge før ein kvervelvind frå nordaust, Evrakýlon, som dei kallar han, kom kastande inne frå øya.
15 Skipet vart rive med. Det var ikkje råd å halda det opp mot vinden, så vi gav opp og lét oss driva.