1 Då vi var berga, fekk vi vita at øya heitte Malta.
2 Dei som budde der, var uvanleg hjelpsame mot oss. Dei tende bål og tok seg av oss alle, for det hadde teke til å regna, og det var kaldt.
3 Paulus sanka saman ein haug med kvister og la på bålet. Då kom det fram ein orm som rømde for heten, og beit seg fast i handa hans.
4 Då folket der såg dyret hanga ned frå handa hans, sa dei til kvarandre: «Den mannen må vera ein mordar, sidan Rettferda ikkje lèt han leva, endå han er berga frå havet.»