10 Dei gjorde stor ære på oss, og då vi drog vidare, skaffa dei oss det vi trong.
11 Då det hadde gått tre månader, segla vi derifrå med eit skip som hadde lege ved øya om vinteren. Det var frå Aleksandria og hadde Tvillingane som skipsmerke.
12 Vi gjekk inn til Syrakus og låg der i tre dagar.
13 Derifrå segla vi langs kysten og kom til Regium. Dagen etter fekk vi sønnavind og kom på to dagar til Puteoli.
14 Her møtte vi sysken, og dei bad oss vera hos dei ei veke. Så kom vi til Roma.
15 Syskena der hadde høyrt om oss og møtte oss heilt ute ved Forum Appii og Tres Tabernæ. Då Paulus såg dei, takka han Gud og fekk nytt mot.
16 Då vi var komne inn i Roma, fekk Paulus lov til å bu for seg sjølv saman med den soldaten som heldt vakt over han.