19 Men jødane sette seg imot det. Difor vart eg nøydd til å anka til keisaren. Men det gjorde eg ikkje for å koma med skuldingar mot mitt eige folk.
20 Difor har eg bede dykk koma hit, så eg kan få møta dykk og tala med dykk. For det er Israels von som gjer at eg går med desse lenkjene.»
21 Dei svara: «Vi har ikkje fått noko brev om deg frå Judea. Heller ikkje har nokon av brørne kome hit og meldt frå eller sagt noko vondt om deg.
22 Men vi vil gjerne høyra av deg kva du meiner. For om denne sekta veit vi at ho møter motstand alle stader.»
23 Dei avtala ein dag med han og kom så dit han budde; dei var då endå fleire enn førre gongen. Frå morgon til kveld forklara og vitna han for dei om Guds rike og freista å vinna dei for Jesus, ut frå både Moselova og profetane.
24 Nokre av dei lét seg overtyda av det han sa, men andre ville ikkje tru.
25 Dei gjekk frå kvarandre djupt usamde, men eitt ord fekk Paulus sagt dei: «Det var sant, det som Den heilage ande tala til fedrane dykkar gjennom profeten Jesaja: