24 Nokre av dei lét seg overtyda av det han sa, men andre ville ikkje tru.
25 Dei gjekk frå kvarandre djupt usamde, men eitt ord fekk Paulus sagt dei: «Det var sant, det som Den heilage ande tala til fedrane dykkar gjennom profeten Jesaja:
26 Gå og sei til dette folket: De skal høyra og høyra, men ikkje skilja, sjå og sjå, men ikkje skjøna!
27 For hjartet til dette folket har vorte feitt; tungt høyrer dei med øyra, og auga har dei late att, så dei ikkje kan sjå med auga eller høyra med øyra eller skjøna med hjartet og venda om, så eg får lækja dei.
28 Så skal de vita at denne Guds frelse er send til heidningane. Og dei kjem til å høyra.»
29 {{Då han hadde sagt dette, gjekk jødane bort medan dei diskuterte hardt med kvarandre.}}
30 Sidan budde Paulus to fulle år i eit hus han hadde leigd. Han tok imot alle som kom til han.