1 Peter og Johannes gjekk ein dag opp til tempelet, til ettermiddagsbøna ved den niande timen.
2 Då kom det nokre berande på ein mann som hadde vore lam heilt frå mors liv. Kvar dag sette dei han ned ved den tempelporten som heiter Den fagre, så han kunne tigga om gåver frå dei som gjekk inn på tempelplassen.
3 Då han fekk auge på Peter og Johannes som var på veg inn, bad han dei òg om ei gåve.
4 Dei såg fast på han, og Peter sa: «Sjå på oss!»
5 Han så gjorde, for han venta å få noko av dei.