11 Mannen heldt seg nær til Peter og Johannes, og alt folket flokka seg omkring dei i Salomos søylehall, fulle av undring.
12 Då Peter såg det, tok han til å tala til folket:«Israelittar! Kvifor undrast de over dette? Kvifor stirer de på oss som om det var vår eiga kraft eller gudsfrykt som gjorde at denne mannen kan gå?
13 Nei, Abrahams og Isaks og Jakobs Gud, våre fedrars Gud, har herleggjort tenaren sin, Jesus. De utleverte han og fornekta han for Pilatus, som hadde sett seg føre å gje han fri.
14 De fornekta Den heilage og rettferdige og bad om å få ein mordar frigjeven.
15 Men opphavsmannen til livet drap de, han som Gud vekte opp frå dei døde; det er vi vitne om.
16 Ved trua på Jesu namn har dette hendt, for det namnet har styrkt denne mannen som de både ser og kjenner. Den tru vi får gjennom dette namnet, gjorde mannen heil og frisk, som de alle kan sjå.
17 Eg veit nok, brør, at de gjorde dette fordi de var uvitande, slik rådsherrane dykkar er.