15 Men opphavsmannen til livet drap de, han som Gud vekte opp frå dei døde; det er vi vitne om.
16 Ved trua på Jesu namn har dette hendt, for det namnet har styrkt denne mannen som de både ser og kjenner. Den tru vi får gjennom dette namnet, gjorde mannen heil og frisk, som de alle kan sjå.
17 Eg veit nok, brør, at de gjorde dette fordi de var uvitande, slik rådsherrane dykkar er.
18 Men slik oppfylte Gud det han på førehand hadde forkynt gjennom alle profetane, at hans Messias skulle lida.
19 Angra difor og vend om, så syndene dykkar kan strykast ut.
20 Då skal det koma tider med lindring frå Herren, og han skal senda den Messias som er bestemt for dykk, Jesus.
21 Han må vera i himmelen til den tid kjem då alt det skal gjenreisast som Gud har tala om frå eldgamle dagar ved munnen til sine heilage profetar.