4 Dei såg fast på han, og Peter sa: «Sjå på oss!»
5 Han så gjorde, for han venta å få noko av dei.
6 Men Peter sa: «Sølv og gull eig eg ikkje, men det eg har, det gjev eg deg. I namnet til Jesus Kristus, nasarearen: Stå opp og gå!»
7 Så tok han mannen i høgre handa og reiste han opp. Og straks fekk han styrke i føtene og anklane.
8 Han sprang opp, stod på føtene og tok til å gå omkring. Så følgde han dei inn på tempelplassen, snart gjekk han, og snart sprang han, alt medan han song og lova Gud.
9 Alt folket såg korleis han gjekk omkring og lovprisa Gud.
10 Og dei kjende han att: Det var han som brukte å sitja ved Fagerporten og tigga om gåver. Dei vart ute av seg og fylte av ærefrykt over det som hadde hendt med han.