1 Medan dei tala til folket, kom brått prestane bort til dei saman med saddukearane og sjefen for tempelvakta.
2 Dei var harme fordi dei underviste folket og forkynte oppstoda frå dei døde ved Jesus.
3 Dei la hand på dei og sette dei i fengsel til dagen etter, for det var alt kveld.
4 Men mange av dei som hadde høyrt bodskapen, kom til tru; talet på menn var no om lag fem tusen.
5 Dagen etter kom dei jødiske rådsherrane, dei eldste og dei skriftlærde saman i Jerusalem.
6 Også øvstepresten Annas var der, like eins Kaifas, Johannes og Aleksander og alle dei andre som var av same slekt som øvsteprestane.