12 Det er ikkje frelse i nokon annan, for under himmelen er det ikkje gjeve menneska noko anna namn som vi kan bli frelste ved.»
13 Då dei såg kor frimodige Peter og Johannes var, og skjøna at dei var ulærde menn av folket, undra dei seg. Dei kjende dei att og visste at dei hadde vore i lag med Jesus.
14 Og då dei såg mannen som var lækt, stå der saman med dei, hadde dei ikkje noko å leggja imot.
15 Dei sende dei ut av rådssalen og samrådde seg med kvarandre:
16 «Kva skal vi gjera med desse menneska? Det er klårt at dei har gjort eit under, det er kjent for alle som bur i Jerusalem, og det kan vi ikkje nekta for.
17 Men dette må ikkje koma ut mellom folk. Difor vil vi truga dei, så dei ikkje talar til noko menneske meir i dette namnet.»
18 Dei kalla dei inn att og baud dei slutta heilt med å forkynna og undervisa i Jesu namn.