15 Dei sende dei ut av rådssalen og samrådde seg med kvarandre:
16 «Kva skal vi gjera med desse menneska? Det er klårt at dei har gjort eit under, det er kjent for alle som bur i Jerusalem, og det kan vi ikkje nekta for.
17 Men dette må ikkje koma ut mellom folk. Difor vil vi truga dei, så dei ikkje talar til noko menneske meir i dette namnet.»
18 Dei kalla dei inn att og baud dei slutta heilt med å forkynna og undervisa i Jesu namn.
19 Men Peter og Johannes svara: «Døm sjølve om det er rett i Guds auge å lyda dykk meir enn han.
20 Vi kan ikkje anna enn tala om det vi har sett og høyrt.»
21 Dei truga dei då endå meir, og lét dei så gå. For dei såg seg inga råd til å straffa dei, fordi alt folket lova Gud for det som hadde hendt.