23 Då dei no var frie, gjekk dei til sine eigne og fortalde kva overprestane og dei eldste hadde sagt.
24 Då dei andre høyrde det, vende dei seg alle med ein og same hug i bøn til Gud og sa: «Herre, du som skapte himmelen og jorda og havet og alt som i dei er,
25 du tala ved Den heilage ande gjennom tenaren din, David, far vår, og lét han seia: Kvifor er folkeslag i opprør? Kvifor grundar folka på det som er fåfengt?
26 Kongane på jorda reiser seg, fyrstane slår seg saman mot Herren og den han har salva.
27 Ja, i denne byen slo dei seg sanneleg saman mot Jesus, din heilage tenar, han som du salva. Både Herodes og Pontius Pilatus saman med heidningane og Israels folk –
28 alle har dei gjort det som du ved di hand og din vilje hadde fastsett.
29 Og no, Herre, hald auge med trugsmåla deira og lat tenarane dine tala ditt ord med frimod!