26 Kongane på jorda reiser seg, fyrstane slår seg saman mot Herren og den han har salva.
27 Ja, i denne byen slo dei seg sanneleg saman mot Jesus, din heilage tenar, han som du salva. Både Herodes og Pontius Pilatus saman med heidningane og Israels folk –
28 alle har dei gjort det som du ved di hand og din vilje hadde fastsett.
29 Og no, Herre, hald auge med trugsmåla deira og lat tenarane dine tala ditt ord med frimod!
30 Rett ut di hand for å lækja og gjera teikn og under ved namnet til Jesus, din heilage tenar.»
31 Då dei hadde bede, skalv staden der dei var samla, og dei vart alle fylte av Den heilage ande og tala Guds ord med frimod.
32 Alle dei truande var eitt i hjarte og sinn, og ingen rekna det han eigde som sitt eige; dei hadde alt i lag.