3 Dei la hand på dei og sette dei i fengsel til dagen etter, for det var alt kveld.
4 Men mange av dei som hadde høyrt bodskapen, kom til tru; talet på menn var no om lag fem tusen.
5 Dagen etter kom dei jødiske rådsherrane, dei eldste og dei skriftlærde saman i Jerusalem.
6 Også øvstepresten Annas var der, like eins Kaifas, Johannes og Aleksander og alle dei andre som var av same slekt som øvsteprestane.
7 Dei lét apostlane førast fram og spurde dei: «Med kva kraft og i kva namn gjorde de dette?»
8 Då vart Peter fylt av Den heilage ande og svara: «Rådsherrar og eldste i folket!
9 Når vi i dag blir forhøyrde for ei velgjerning mot ein sjuk mann, og de spør korleis han vart lækt,