31 Då dei hadde bede, skalv staden der dei var samla, og dei vart alle fylte av Den heilage ande og tala Guds ord med frimod.
32 Alle dei truande var eitt i hjarte og sinn, og ingen rekna det han eigde som sitt eige; dei hadde alt i lag.
33 Med stor kraft bar apostlane fram vitnemålet om at Herren Jesus var stått opp, og stor nåde var over dei alle.
34 Ingen av dei leid naud, for dei som eigde jord eller hus, selde det og kom med pengane
35 og la dei ved føtene til apostlane. Sidan fekk kvar einskild tildelt det han trong.
36 Josef, ein levitt frå Kypros, vart av apostlane kalla Barnabas, det tyder trøystarsonen.
37 Han eigde ein åker. Den selde han og kom med pengane og la dei ved føtene til apostlane.