1 Ein mann som heitte Ananias, og Saffira, kona hans, selde ein eigedom.
2 Men han gøymde unna ein del av pengane, og kona visste om det. Så kom han med resten og la det ved føtene til apostlane.
3 Då sa Peter: «Ananias, kvifor har Satan fylt hjartet ditt, så du laug for Den heilage ande og heldt att noko av det du fekk for jorda di?
4 Var ho ikkje di så lenge du hadde henne? Og når du så hadde selt, rådde du ikkje sjølv over pengane? Kvifor lét du dette få rom i hjartet ditt? Det er ikkje menneske du har loge for, men Gud.»
5 Då Ananias høyrde dette, fall han om og døydde. Og det kom redsle over alle som høyrde om det.
6 Nokre unge menn kom og sveipte den døde. Så bar dei han ut og gravla han.
7 Om lag tre timar seinare kom kona hans inn. Ho visste ikkje kva som hadde hendt.