14 Fleire og fleire trudde på Herren og vart lagde til flokken, både menn og kvinner i stort tal.
15 Dei bar til og med sjuke ut på gatene og la dei på senger og bårer, så i det minste skuggen av Peter kunne falla på nokre av dei når han gjekk framom.
16 Også frå byane kring Jerusalem kom det folk i stort tal. Dei bar med seg sjuke og slike som var plaga av ureine ånder, og alle vart lækte.
17 Då greip øvstepresten inn, han og alle som heldt med han, det vil seia saddukearpartiet. Dei vart brennande harme,
18 greip apostlane og kasta dei i byfengselet.
19 Men ein engel frå Herren opna fengselsportane om natta, leidde dei ut og sa:
20 «Gå og still dykk opp på tempelplassen og forkynn for folket heile denne bodskapen om livet!»