20 «Gå og still dykk opp på tempelplassen og forkynn for folket heile denne bodskapen om livet!»
21 Fordi dei hadde høyrt desse orda, gjekk dei til tempelet utpå morgonsida, og der underviste dei.Samstundes kalla øvstepresten og mennene hans saman Rådet, heile eldsterådet i Israel, og sende bod til fengselet etter apostlane.
22 Men då vaktmennene kom dit, fann dei ikkje apostlane. Dei kom tilbake og melde:
23 «Vi fann fengselet forsvarleg stengt, og vaktene stod ved portane. Men då vi lét opp, fann vi ingen der inne.»
24 Denne meldinga gjorde overprestane og sjefen for tempelvakta rådville, og dei undra seg på kva dette kunne vera.
25 I det same kom det ein og fortalde: «Dei mennene de sette i fengsel, står no på tempelplassen og underviser folket.»
26 Sjefen for vakta og mennene hans drog då av stad og henta dei, men utan å bruka makt; dei var redde for å bli steina av folket.